Litt ros her - til musikkpraksis og spesielt brukarane av forumet.
Sjølv jobbar eg åleine, og har ikkje noko stort nettverk av folk som driv studioarbeid (som er den viktigaste biten for meg).
For meg er iallefall forumet ei viktig inspirasjonskjelde og ein flott måte
å få lufta problema sine på, og vanlegvis får ein gode svar også.
I tillegg les me jo trådar sjølv om me ikkje skriv der, og får med oss masse på den måten.
Tusen takk til alle de som har drive i faget ei stund og hjelper oss på veg. Det er slik det skal vera.