Kjøpte ny Standard American Fender Jazzbass (2008 mod.) i fjor og har opplevd litt støyproblematikk etter det.
I studio og under kontrollerte forhold er det null problem, men av og til når ein kjem på stader der straumen er "skitten" (dårleg med jording, dimmarar som slår inn, kabelruker i hytt og pine og lydmenn frå helvete) har eg på ein par-tre jobbar no opplevd å bli den stakkaren i bandet som slit mest med støy og during. (Den dei mutar mellom låtane...)
Brukar elles ein Markbass Jeff Berlin Combo, men trur ikkje (håpar ikkje) den spelar inn her. Ein fyr fortalde meg at Jazzbassen var dårleg skjerma og spesielt utsett for slikt.
Stemmer dette?