Spelar ein del piano live i teatersettingar, og må ofte leiga meg ein synth i tillegg. Tenkte å gå til det skrittet å kjøpa ein, men er grøn på området.
Her er ønskelista:
* Brukt instrument til max 4000,-
* Enkel performance synth med enkle menyar.
* Så gode presets som mogleg, kjem ikkje til å bruka tid på å skru sjølv.
* Lett å halda oversikt - bør vera plass til omlag 10-15 ulike lydar eit tastetrykk unna (altså med eigne programerte knappar, så eg slepp ned i menyar for å leita)
* Brukar akustisk piano eller Yamaha P140 til piano/el piano,så dei viktigaste lydane blir stryk, orgel, pads og leads. Elles hadde det over supert med vanlege GM lydar.
Nokre som har nokon tips?