Ja - straumen er på.
Men sendinga mi blei traspa på vegen frå USA, mellom anna blei drivar/softwarediscen delt i to. Så no er det full pakke med mailing fram og tilbake med Sweetwater og Cakewalk.
Begge supportavdelingane er forøvrig svært hjelpsomme og raske på labben, så har berre skryt å koma med derigården.
Men okkesom - har lasta ned drivarar som eg ikkje får til å installera og så vidare og så vidare. Men det kan altså vera eg som har vore litt for rask på labben her. (Har installert PE 8.5 no, og det var i alle fall herleg)
Men no er det helg. Kjem tilbake når ting er oppe og går, så sant ikkje consollet er skada på noko vis.
(Har installert zumodrive som du foreslo i ein annan tråd for å vise bilete av korleis DHL har behandla consollet på vegen over havet, men får ikkje bildelinkane til å funka...)