Borrmann skrev:Det finnes millioner av forskjellige måter å mikse en låt på.
Hvorfor skal man recalle den ene varianten man allerede vet at ikke var bra nok?
Enig her. Men eg ser absolutt behovet for å jobbe "i boksen" i f.eks. trallala sitt tilfelle. Når det gjelder miksing av låter som skal ut på plate så er jo litt av håndverket å klare å gjere seg ferdig med ting uten å flisespikke seg i hjel. Ok - kanskje vokalen kunne vore 1dB høgare, gitaren kunne hatt 0,3dB meir på 1,2k, kanskje trommene kunne vore komprimert litt mindre... men forsvinner ikkje litt av livet i miksene dersom alt skal vere 100% perfekt? Er det ikkje ein viss fare for at alle artister låter for likt? hmmm... litt religion dette trur eg.
Eg jobbar (som de kanskje forstår) stort sett "ute av boksen", dvs mesteparten av EQ og komprimering vert gjort med stor miksepult og eksterne boksar. Det er faktisk litt godt å kunne seie til artisten ein jobbar med at "no er miksen ferdig". Det stiller sjølvsagt høgare krav til oss som produsentar/teknikere, men kvifor skal me ikkje prøve å strekke oss såpass langt at me kan levere varene utan å måtte endre miksen 100 gongar? ...og er miksen heilt ute så gjer ein berre ein ny miks - det tar sjølvsagt litt meir tid enn å hente opp sessionen og klikke 10 gongar med musa og bounce, men ein vil etter kvart kjenne utstyret og materialet såpass godet at ein manuell recall ikkje treng ta så lang tid (dessutan så har ein kanskje laga remix-kit??). Miksen vert kanskje litt anleis sidan ein ikkje klarar å recalle 100%, men so what så lenge det låter fint?
No er ikkje konklusjonen min at "utanfor boksen" nødvendigvis er betre enn "i boksen", men det eg prøver å få fram er at mange som i hovudsak jobbar "i boksen" har ein tendens til å bruke ekstremt lang tid på å mikse ferdig... ein henger seg kanskje opp i for mange små uviktige detaljar? Men uansett, dette vert vel litt som "far min er sterkare enn far din", eller som ein Mac er bedre enn PC-diskusjon.