Kjøpte KRK VXT6 tidlegare i haust. Sleit i går med at det vrengte på eit litt hardt trompetspor, og fann omsider ut at det var eine monitoren som var problemet - eit eller anna muffens i øvre mellomtone som blir høyrbart når ein skrur opp.
Leverte i vår inn Adam A7 til service etter liknande trøbbel i diskanten (2 år gamle) - så spørsmålet er om det kan vera noko med meg eller studioet som gjer monitorane mine sjuke. Dei er i dagleg bruk, blir køyrt lavt 99% av tida, skrudd av om kvelden og på om morgonen. Har kontroll på fukt og temperatur,spenningsvern etc. og har ikkje problem med anna elektronisk utstyr.
Eller berre uheldig?