Sei du har fine, luftige, lyriske takes, men med altfor stor dynamikk og lite punch.
Opplever av og til at når ein komprimerar litt på spora, litt på busen, så føles det som om mykje av det lette, luftige forsvinn. Det låter tjukt og tett, og så er det på'n igjen med eq, nye kompressorar etc. for å få tilbake noko av det opprinnelege "lette" soundet som prega opptaket.
Høyrer av og til på innspelingar frå f.eks rainbow studio som låter kanonfint og luftig, likevel tett og punchy.
Ka er trikset?
Håpar de skjønar kor eg vil. Jobbar mest med vise/pop/jazz/vokal prosjekt.