Fint og viktig tema!
Mykje lettare å vere kreativ når du ikkje går og snublar i kabelrot.
Vi har kanalar under golvet og i veggane mellom mikser, bandmaskinene og racka, det hjelp mykje.
Vi brukar multikabel der det er mulig.
Patchbay-en hjelper også til å unngå single kablar.
Det er veldig nyttig å passe på at kablinga er akkurat passe lang.
Dei kablane som likevel blir for lange kveiler vi og stripsar.
Stripsfester slik som desse,
http://www.clasohlson.no/Product/Product.aspx?id=161836389,
kan vere nyttige.
Ellers går det an å bruke ein litt lang kabel mellom mac og skjerm/tastatur.
Så slepp ein å sitte oppi alle eksterne disc-ar, strømforsyningar osv.
Så er det fint å ha nok straumuttak i veggane slik ein slepp altfor mange padder
Ein annan hendig ting vi har her er ei stor boks med xlr, jack, minijack og speakon på eine sida av det store racket.
Der kan ein plugge til laptop-ar, ipod-ar, gitarar, amp-ar, midlertidig outboard osv.