Henning Svoren » Lør Apr 09, 2011 6:34 pm
Hei Pattexer!
Den største utfordringa her er å få kontroll i bassområdet.
Usikker kva du har gjort, men bassgitaren maskerer basstromma litt for mykje no, særlig på enkelte akkordar.
Sannsynligvis hjelper det å dra ned den lavaste bassen, gi på litt topp eller meir overdrive i mellomtonen/toppen. For sjøl om den var veldig
høg no, var det vanskelig å høre kva han spelte.
Og kanskje komprimere den litt hardare også.
Nærmikkane til trommene(eller samples) og særlig skarpen kan skruast opp ein del.
Overhead-ane var kanskje hakket for spisse.
Ville prøvd med deesser på vokalane.
Vokal og "koring" framsto som litt rotete no, så ville prøvd å tighte dette opp eller panorere på ein annan måte.
Gitarane hadde også litt for mykje topp for min smak.
Ellers bra jobba!