Ok, takker for innspel
Det som kan vere kjekt er dersom ein ramler inn i ein meget lokal butikk; eg var på turne i (mellom anna) Polen for nokre år sidan (eg hugsar ikkje kva by dette var i, muligens Zielona Gòra) men me trong i alle fall meir gitarstrenger og trommestikker. Fyren me hadde overnatta hos geleida oss inn i den lokale musikksjappa (ikkje rare greiene; to-tre el.gitarer og eit casiokeyboard og litt anna dritt). Men uansett; dei hadde nokre gamle russiske gitarpedalar der, eg anar ikkje/hugsar ikkje kva merke det var, men dei var ganske kule (nokre av dei kunne sjå ut som MXR-kloner). Eg var sjølvsagt for sein til å oppdage dei, så eit par av dei andre me reiste med kjøpte det meste
Vel, vel, me endte opp med å kjøpe alle gitarstrengene dei hadde i butikken, samt alle trommestikkene. ...ikkje godt å seie korleis det gjekk vidare med musikkmiljøet i den byen resten av det året, men me fekk no i alle fall billig rekvisita
Dette var kanskje ei lita avsporing...