Hei!
Eg har nettopp utvida heimestudioet med ein Mackie 8-bus (32:8) med den ekstra 24-kanalersmodulen (56kanaler tilsammen... har vel ikkje bruk for alle kanalene enno, men men..) og treng litt tips til eit par compressorer. Vanligvis jobber eg i eit litt større studio som har masse fint utstyr, men eg hadde håpa på å kunne gjere litt miksing heime (når eg med tid og stunder får bygget ferdig studiorommet). Eg likar å jobbe analogt, men brukar også sjølvsagt litt plugins etc. i Pro Tools. Det eg i utgangspunktet treng er eit par trommecompressorar... eg kan prøve å forklare korleis eg vanlegvis jobbar, så er det kanskje lettare å forstå behovet. På ein vanleg session brukar eg å sende trommene til 2-4 ulike compressorar samt ei vanleg ukomprmert stereogruppe. Compressorane eg vanlegvis brukar er ein RNC (Really Nice Compressor) til å skvise trommene knallhardt, ein SPL transient designer for å kunne hente ut attack, ein Siemens Comp/EQ (hugsar ikkje kva modellen heiter) for å farge lyden og eventuelt vrenge den litt, og gjerne ein mono rørpreamp el.l. for å vrenge kick og skarp ytterligere. Spørsmålet mitt er då; kva kan de anbefale av utstyr som ikkje er alt for dyrt, men som kan hjelpe meg med eit slikt oppsett. Eg har per i dag berre ein TLAudio FAT 1, som er fin til å vrenge ting litt med. Eg kjem nok til å kjøpe ein RNCsidan dei ikkje er så dyre, men finst det andre alternativ sånn ca. i samme prisklasse?