Eg har omsider kome fram til at eg skal kjøpe den gamle mikseren som eg snakka om i ein tidlegare post (http://musikkweb.no/forum/viewtopic.php?t=255), men eg trur eg kjem til å prøve å gjere mik-preampene om til rack-boksar i staden. Er det nokon som har erfaring med dette? Eg har nokolnde grei styring på lodding/kobling av kretskort etc. så eg trur dette skal gå greit, men fins det nokon ressursar på nett for å lære meir om akkurat dette? Og kvar kan ein kjøpe rackboksar og PSU og slikt? Det vart visst mange spørsmål no, men det hadde vore kjekt om nokon hadde vore borti desse tinga
Edit: Her er forresten et (svært dårlig mobilkamera-) bilde av bordet: