Takk for det folkens. Har etterkvart skjønt at ein får det ein betalar for, så top of the pops forventar eg ikkje.
Settingen eg prøver å unngå er det som skjer meg på tre av fire jobbar:
Ein dårleg mixar står og ventar, og eit eventuelt effektrack er ikkje oppkopla. Får eg omsider kopla alt til er det kablar og skit som ikkje funkar og masse tid går med her.
Ting er forsinka, og lydprøven blir det til slutt lite eller ingenting av. Stressa artistar og stressa arrangørar og også ein lydmann (meg) som er stressa, men prøver å ikkje visa det.
Tanken er at om ein då har nokre ferdige allround-striper klare som du veit funkar sånn nokolunde i dei dei fleste settingar (ofte dei same artistane det er snakk om, og stort sett vokal), så kjem ein seg iallefall gjennom første halvtimen av konserten utan for mykje banning.
Det er dette eg vil til livs. Ein slags førstehjelpspakke på eit vis.
(Orkar ikkje kjøpe meg eit eige PA, så ikkje be meg om det...
)
Send meg gjene ein PM om de veit om nokon som kvittar seg med 01 til aktuell pris.