Er det fleire enn meg som opplever magekramper kvar gong ein ser denne tittelen? Går det ikkje an å lage ein grei norsk tittel som ikkje høyrest ut som talen til ein amerikansk predikant langt ute på høgresida?
Dessutan tippar eg "succesful" eigentleg skrivest slik: "successful". Er ikkje lektor i engelsk , men treffprosenten på dei doble s'ane var 30.343.099 mot den enkle s'en sine skarve 232.072 på Google.
- Lars -